Bytta rus, kriminalitet og psykiatri med trening, gudstru og arbeid
Jan Olav fekk ei ny framtid då han fekk plass på Bergen kontaktsenter på Holsnøy. Etter fleire år med rus og eit år på psykiatrisk sjukehus, blei han ønska velkomen dit av leiaren Trond Taule.
– Eg gjekk på tunge medisinar, hadde angst og var deprimert. På psykiatrisk sat eg og sydde korssting, og vandra rundt i gangane. Eg hadde slik uro inni meg. Eg hadde det ikkje godt, seier han.
Det var i 1997 Jan Olav fekk koma på behandling ute på garden på Holsnøy.